Strikk og drøs – ein møteplass strikk og gode samtalar

Det nye tilbudet «Strikk og drøs» skal være ein uformell møteplassn for folk i området. Tankjen er å skape eit sted kor folk kan treffast på tvers av dei ulike fellesskapa dei vanlegvis er ein del av.

-Eg syns det er viktig å leggja til rette for møteplassar utanom fellesskapa rundt kampar og treningar. Folk treng folk, klubbhuset er ein super plass å opna av og til for å kunna treffast på tvers av dei ein vanlegvis går i lag med, fortel ein fremmøtt.

Tilbudet «Strikk og drøs» er ikkje bare for dei som kan strikke. Det trenger man ikkje for å kunne delta. Det einaste som er obligatorisk er drøsinga.

Denne kvelden er for både ungdommar og eldre, alle er velkomne. Forhåpentligvis kan «Strikk og drøs» bli ein kveld der du kan ta opp igjen gamle bekjentskapar og få nye.

-Ein typisk kveld består av kaffi og te på kanna og uformelle samtalar om det ein måtte komme på. Ta gjerne med ei gamal barselgruppe, mødrene frå laget til ungane dine gjekk på eller andre du har lyst til å treffast utan å måtte stressa med om det er ryddig nok heime.

Fremmøtte fortel at dei såg reklamen om «Strikk og drøs» og ønskja å delta. Dei har gjerne lyst til å komme igjen, når det passar. Neste gong kjem det kanskje nye folk ein kan snakke og bli kjent med, derfor vil kveldane aldri være heilt like.

-Det er kjekt å kunna treffa folk i uformell setting, fortel hen som møtte opp denne kvelden når det blei spurt «Kvifor er det viktig at slike tilbud finnes i krinsen?»