Onsdag kveld, 11.11.26, var det god stemning på Kåsen IL når den årlige Kåsen basaren blei arrangert. I tillegg til eit stort loddsal, var det gratis kake, kaffe og saft til dei frammøtte.
Det var eit stort utval kake, med alt i frå gulrotkake, til brownie og sjokoladekake. Klepp Energi Arena var stapp full, med mange glade folk, som gleda seg til å finne ut om dei hadde vunnet noko.
Folka som møtte opp kom i alle aldre, og dei hadde tatt med både vener og familie. Det var over 350 folk som møtte opp på den store kvelden.
Me var nysjerrige på kvifor folk valte å møte opp til Kåsen basaren, her er svaret til ein av dei unge som møtte opp: -Eg kom i dag for å møte folk og være sosial, fortel Oda Tjelta. Det viser seg at basaren er ein veldig kjekk møteplass for folk i lokalsamfunnet. Det var til og med folk som kom frå litt lenger vekke enn bare her på Kåsen. Nokon frammøtte fortel at dei syns at denne kvelden gjer ein god jobb for fellesskapet i bygda, då det skapar ei fin moglegheit til å møte både gamle og nye vener og bekjente. Dei fortel også at man fort ender opp med å sitte på bord med folk man ikkje kjenner så godt, som gjer deg sjansen til å snakke med nye folk.
Basaren er åpen for alle, og det er alltid kjekt når nokon vel å komme, sjølv om dei ikkje har vore der før. Me spurte ein av deltakerne om det var deira første år: -Eg kjem kvart år! Det er sosialt og ungane elsker det. Det er veldig kjekt å høyre at både dei unge og dei vaksne koser seg så mykje på basar!
Ikkje bare blei det solgt mange årer under sjølve kvelden, men det var mogleg å kjøpe gjennom loddbøker og digitalt på forhand. Til tross for 6 store bord, stappa med premier, blei vinner sjansene stadig mindre når fleire folk kjøpte lodd. Likevel, klarte Lisa Otnes å få med seg over 3 premier heim. -Eg er veldig glad! Eg pleier aldri å vinne, men i år vann eg endelig. Familien min var ikkje her i dag, så eg trur det er dei som bringer ulykke. Eg er veldig stolt.
Tusen takk til alle dei som har bidratt for å få den kvelden til å gå så bra som den gjekk. Me er veldig takknemlege for alle loddselgarar som har gått rundt på dører, og for dei kjekke sponsorane som har gitt oss mange fantastiske premier å dele ut. Til slutt vil med takke basarkomiteen som har jobba hardt med å få dette til å skje, og bli så bra som det blei. Me håper folk koste seg mykje i år, og vil komme igjen dei komande åra.
Sak skreve av Celine Stangeland.