Kåsen Volleyball med sterk prestasjon i Vår-cup i Hetlandshallen!

Kåsen Volleyball har vore aktive i idrettslaget sidan Kåsenhallen stod ferdig. Det har vore ivrige ildsjeler som har drive volleyballen på Kåsen år etter år, med Tor Magne Nøss som kontaktperson.

Då Vardheihallen stod ferdig vart treningane flutte til den nye, flotte hallen. Det har kome til ein del nye spelarar sidan pandemien og me er vel 10-15 stk på treningane kvar veke.

I Kåsenhallen var det kun ein bane, men i Vardheihallen har me mulighet til 3 banar.

Dei siste åra har me delteke på turneringa Vår-cup i Hetlandshallen. Dette er eit skikkeleg høgdepunkt for volleyballgjengen på Kåsen. Me stiller med miks-lag (damer og herrer).

Det har vore nokre frustrerande og magre år på tidlegare turneringar, men i år fekk me justert slik at me stilte i riktig ferdighetsklasse.

Det var gruppespel med 4 lag, der dei to beste gjekk vidare til kvartfinale. Me hadde kun tre damer med så dei måtte spele alle sett/kampane då det må vere minst 3 damer på banen i miks-klassen. Mannfolka rullerte mellom kvart sett.

Det var ein ivrig og påskrudd gjeng som stilte frå Kåsen og me vann 2 av 3 kampar i gruppespelet og var klare for kvartfinalen. Humøret er alltid godt, og latteren sitter laust både på trening og kamp. Og sukssesen i årets turnering fekk humøret opp i monumentale høgder.

Me fekk ein flott pokal for andre plassen i gruppespelet. Så no har endeleg pokal-monteret i Kåsenhallen fått etterlengta påfyll!

I kvart-finalen møtte me ein ung gjeng frå Oslo. Det starta bra, me vann fyrste sett 16-15, men måtte dessverre sjå oss slått til slutt med 1-2 tap i sett. Men me var stornøgde og stolte av lagets innsats i Hetlandshallen denne laurdagen.

Volleyball er ein svært gild idrett. Me har vel eit aldersspenn på treningsdeltakarane på om lag 30 år. Kjønnsfordelinga er politisk korrekt 50/50. Og det er absolutt rom for fleire deltakarar. Me har det kjekt i lag, mykje «lått og løye» på treningene.

Treningane er tysdagar kl 19.00-20.30 i Vardheihallen. Har du lyst til å bli med så meld deg inn i Kåsen IL og heng deg på:

https://app.hoopit.io/join/kasen-idrettslag-429656/open/volleyball-566551

 

Alle er velkomne!

 

 

Torbjørn Mosdøl